søndag 28. august 2011

Emily Dickinson

Medan Emily Dickinson levde, fekk ho berre 7 av 1789 dikt publisert. Seinare vart ho omtalt som ein av dei største amerikanske diktarane fram til vår tid. I dag blir ho sett på som ein viktig del av moderne litteratur. Dikta hennar har varierande rytme, der ho blandar vers med rim og vers utan rim. Ho brukar eit høgtideleg språk, men også kvardagsspråk. Tema som Gud, kjærleik, håp, død, og livet står sentralt i dikta hennar.


Det eg likar best med dikta hennar er korleis ho skriv om konkrete ting for å beskrive og fortelje om noko som eigentleg er abstrakt. Ein må bruke litt tid på å forstå kva ho eigentleg meiner, men eg synast at det gjer dikta endå betre. I diktet ”hope is the thing with feathers” brukar ho ein fugl som eit bilete av håp.


“Hope” is the thing with feathers—
That perches in the soul—
And sings the tune without the words—
And never stops—at all—


And sweetest—in the Gale—is heard—
And sore must be the storm—
That could abash the little Bird
That kept so many warm—


I’ve heard it in the chillest land—
And on the strangest Sea—
Yet, never, in Extremity,
It asked a crumb—Of Me.


Emily Dickinson (1861)

Ho forklarar at håp er noko vakkert som aldri vil ta slutt. Det finnast i sjela vår, og ein kan finne håp i alle slags forhold. ”I died for beauty” er også eit dikt eg likte veldig godt. Diktet er på ein måte litt grotesk fordi ho skriv om gravkammer og død, men likevel er det ikkje prega av sorg og kulde. Ho klarer å gje lesaren ei kjensle av ro og glede.


I died for beauty, but was scarce
Adjusted in the tomb,
When one who died for truth was lain
In an adjoining room.

He questioned softly why I failed?
"For beauty," I replied.
"And I for truth - the two are one;
We brethren are," he said.

And so, as kinsmen met a-night,
We talked between the rooms,
Until the moss had reached our lips,
And covered up our names. 
 

Emily Dickinson



Emily Dickinson skriv om tema som aldri går ut på dato. Ein kan kjenne seg att i dikta ho har skreve og tankane hennar har framleis mykje å seie i vår tid. Tema som kjærleik, død, livet etter døden, håp og tru, er noko menneske alltid vil gruble over.

Her kan du finne fleire dikt av Emily Dickinson, eller her.