tirsdag 6. september 2011

1800-talet: dansk, nynorsk eller bokmål?

På 1800-talet var språkdebatten i full gong. Det var tre hovudsynspunkt i debatten; å behalde dansk som skriftspråk, å lage eit heilt nytt skriftspråk, og å fornorske det danske skriftspråket.

KnudKnudsen var ein sentral person i arbeidet om eit norsk skriftspråk. Han la fram forslag til korleis ein kunne forandre grammatikk og framandord. Målet til Knud Knudsen var å skape eit norsk skriftspråk som alle i heile landet kunne bruke og forstå, men han meinte at ein gradvis måtte fornorske dansken, ikkje lage eit heilt nytt skriftspråk. Han ville ta ”Gradvishetens vej, ikke bråhastens”.

Knud Knudsen tok utgangspunkt i byfolkets ”dannede dagligtale”. Han meinte at det var få skilnader på daglegtalen frå by til by. I motsetnad til alle dialektane på bygda, som varierte veldig utifrå kvar i landet ein budde. Derfor brukte han  dei høgare klassane si daglegtale som mal for den gradvise overgongen frå dansk til norsk. Han ville også at landsmålet og riksmålet til slutt skulle smelte saman til eit skriftspråk som vart felles for heile Noreg. Han såg altså at begge dei skriftlege retningane jobba for det same målet, å gje det norske folket eit skriftspråk som likna daglegtalen.


 
Om eg skulle sett vekk ifrå korleis riksmål og landsmål har utvikla seg i dag til bokmål og nynorsk, ville eg nok hatt mest sympati for riksmålet. Eg er veldig einig med Knudsen om at ein heller gradvis burde skifte ut ord og grammatiske reglar, enn å skape eit heilt nytt skriftspråk. For eksempel kunne jo dei høgare klassane allereie skrive og lese dansk. Eg tenkjer at det ville vore lettare å få dei med på å bruke eit skriftspråk som var små forandringar i, enn å gje dei reglar og ordlister for eit heilt nytt skriftspråk.

Sjølvsagt meiner eg ikkje at skriftspråket kunn skulle være for dei høgare klassane i landet. Dei på bygda måtte jo også kunne kjenne igjen daglege ord i skriftspråket, men sidan det var så mange ulike dialektar på bygda ville det nok alltid ha vore nokon som hadde følt seg forbigått.

2 kommentarer: