Strindberg meiner også at Nora er egoistisk som bryt ut av ekteskapet med Helmer, i Ibsens ”et dukkehjem”. Eg klarer ikkje å setje meg heilt inn i kva som var akseptabelt på den tida dette stykket vart skrevet, men utifrå korleis det er i vår tid vil eg faktisk være litt einig med Strindberg. Om det ikkje hadde vore barn i biletet ville eg ha sagt at Nora gjorde det rette. Å vise at kvinner også kan bryte ut av ekteskapet om dei er ulykkeleg er ein beundringsverdig handling. I dette tilfellet reiser ikkje Nora bare frå ektemannen sin, men også barna. Med tanke på barna, vil eg sei at Nora er egoistisk som drar.
Å bryte ut av eit ekteskap er nok inga lett avgjering. Kanskje det er derfor fleire og fleire lever i sambuarskap lenge før dei bestemmer seg for å gå inn i ekteskap ilag. Om ein bare lever i sambuarskap med nokon, kan man bryte ut av forholdet utan skilsmisse. Eg meiner også at det er lurt å bu i lag med personen ein vil gifte seg med, i god tid før ekteskap inngåas. Slik kan ein finne ut om ein passar saman, uvanar og irritasjonsmoment vil heller ikkje komme som ei overrasking når ein er gift.
Me lever i eit moderne samfunn der det er vanleg å bu saman før ein gifter seg, men betyr det at ekteskap vert overflødig og unødvendig av den grunn? Eg ser på ekteskap som eit seriøst val ein tar for å vise at ein vil verte gamal ilag med den personen ein gifter seg med. Derfor vil eg seie at ekteskap framleis er nødvendig i vårt samfunn, for dei som ønskjer det.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar