
I norskfaget har me dette halvåret halde presentasjonar om ein skjønnlitterær forfattar. Eg valte å presentere Unni Lindell. Ho er mest kjend for kriminalromanane om førstebetjent Cato Isaksen. Sjølv om ho også har skrive mange barnebøker, ungdomsbøker og dikt. I bøkene hennar skriv ho ofte om det kvardagslege, med eit enkelt språk prega av dialekt. Spenning og mystikk er ein stor del av forfattarskapen hennar. Karakterane er ofte skildra med psykologisk innsikt som viser samanheng mellom handling og hendingar. Ho viser svært stor innleving i kva som helst situasjon.
Roald Dahl var favorittforfattaren min då eg var yngre. Han har skrive fantasifulle historier der kva som helst kunne skje. Historier som «Charlie og sjokoloadefabrikken», «Mathilda», og «Danny og den store fasanjakten». I seinare tid har eg funne stor glede i mange andre bøker med variasjon av sjangrar.
Eg har alltid likt skjønnlitteratur. Nokre skjønnlitterære bøker fangar merksemda di så du ikkje klarer å leggje frå deg boka. Om ei bok er verkeleg god kan man drøyme seg heilt bort.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar