tirsdag 8. november 2011

Skjønnlitterært program

Denne veka har vi satt saman eit avgrensa skjønnlitterært program i Norsktimane. Gruppa mi ville då lage eit høyrespel, av ei forteljing av Astrid Lindgren.

Valet fall på Emil frå Lønneberget. Me gjekk gjennom ei forteljing me hadde lest då me var yngre. Alle på gruppa hadde gode minner frå denne forteljinga, enten gjennom film, bok, eller lydbok. Så laga me eit manus, etter det følgde mykje arbeid med innspeling og redigering av høyrespelet.

Forholdet mitt til skjønnlitteratur er ganske godt. Sjølv om det aldri har vore noko «kult» å lese bøker, spesielt på barne-/ungdomsskulen, har eg alltid likt å lese bøker. Eg er eigentleg veldig takknemleg for at mamma tvinga meg til å lese bøker i feriane, når eg kjeda meg. Å lese skjønnlitterære bøker fangar interessa mi på ein heilt anna måte enn fagtekster.

Bøker som Emil frå Lønneberget blei lest høgt for oss då me var små. På skulen, heime av besteforeldre eller av foreldre. Alle på gruppa hadde gode minner frå desse forteljingane. Å lage ein eigen versjon av eit høyrespel, var noko me trudde kom til å være kjekt for resten av klassen å høyre. Me ønskte at dei som høyrde på ville like at ein tekst vart framført på ein ny måte. Høyrespel er jo også noko som ofte er retta mot barn, derfor kjendes det naturleg å framføre ei histore om Emil.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar