torsdag 6. oktober 2011

Litterære program

GeorgBrandes og Knut Hamsun hadde ulike syn på kva det litterære programmet skulle innehalde på 1800-talet. Brandes gjev utrykk for at ein ikkje skal skrive om fantasiar og sjelelivet i foredraget sitt «Hovedstrømninger i det 19de Aarhundredes Litteratur», frå 1871. Han meinte at litteraturen skulle ta opp spesielle tema, slik at det skulle bli debatt om det.

Knut Hamsun meinte det noko heilt anna. I artikkelen «Det ubevisste sjeleliv» frå 1890, skriv han at dei fleste menneskjer har opplevd augeblikk der ein får kjensler og tankar som er ubeskrivelege. Ein treng ikkje vere gal sjølv om ein har hatt slike augeblikk. Hamsun meinte at det var viktig å skrive om det ukjente ved sjelelivet, og at ein skulle beskrive komplekse menneskjer og ikkje berre typar.

Eg likar ideen til Hamsun om sjelelivet, der tankar og kjensler vært fletta inn med samfunnsmessige problem. Det eg likar å lese om er forskjellige situasjonar menneskjer i dag finn seg i. Slike situasjonar ein sjølve kan kjenne seg att i, men også tekster der ein kan setje seg inn i kva ein person i ei heilt anna livssituasjon tenkjer og føler.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar